FRAKT kun 50 kr. Handle for 500 kr. eller mer og få GRATIS FRAKT.

Bokpakke - Ninjana 1 og 2 - Nynorsk
Bokpakke - Ninjana 1 og 2 - Nynorsk
Bokpakke - Ninjana 1 og 2 - Nynorsk

Bokpakke - Ninjana 1 og 2 - Nynorsk

Ordinær pris 598,00 kr 448,00 kr SALG

Kjøp både Ninjana 1 og Ninjana 2 og spar 150 kr.

To spennande bøker for mellomtrinnet, 9-12 år.  For alle som likar eventyr med humor og action. 

Den fyrste boka er Det store skredet

Med ein råskap og presisjon som ingen har sett maken til, smyg Ninjana seg rundt om natta og reddar befolkninga i bygda frå farar. Alle trur det er lensmann Homme som gjer ein fantastisk jobb. Ingen av dei veit om Setesdalens eigen bunadskledde Ninja.
Denne gongen må Ninjana overvinne ei fare som er større enn nokre usle forbrytarar. Eit stort snøskred truar med å utslette heile bygda, og ho må freiste å stoppa det utan å røpa kven ho eigentleg er.

Boka er skreven av Karin Moe Hennie og omsett til nynorsk av Sigrid Hesjevoll.
Dette er den første boka om Ninjana, utgitt i nytt format, med ny omsetting og nye illustrasjonar av Borghild Fallberg.

Den andre boka  er  Den sakna turisten

Ein morgon oppdager Ninjana ein mystisk, svartkledd mann som smyg seg rundt
hytta. Samtidig går det rykte i bygda om at ein japansk turist er sakna i fjellet.
Familien til den sakna sit på lensmannskontoret og snakkar i munnen på kvarandre,
men ingen skjønar kva dei seier. Den sakna mannen er tynnkledd, og han er ikkje kjend i
Setesdalen, så Ninjana veit at det hastar med å finne han.

Blir det Ninjana eller den sleipe Lensmann Homme som finn den sakna turisten?
Kven var den mystiske skapningen ho såg luskande rundt hytta? Med skarpe våpen og nye ninjatriks er Ninjana klar for å løse oppdraget! Ho har inga tid å miste.

Boka er skreven av Karin Moe Hennie
Boka er illustrert av Borghild Fallberg

ISBN: 9788283910780 og 9788283910759

Porto 1 bokpakke: 40 kr.

2 eller flere bokpakker: gratis frakt.