Krabben Klara og konkylien er ei bok for born med tema plastforureining i havet.
I februar får du med eit handlenett fra 4Ocean når du kjøper boka.

Krabben Klara og venen hennar, Seien, lever i eit undersjøisk kongerike på botn av havet. Ein dag er venen hennar forsvunnen. Brått byrjar det å henda mystiske ting som gjer at Klara vert lokka langt bort frå huset sitt og ut i det ukjende.
Kven er det som syng den magiske songen? Kor kjem dei underlege spøkelsesfiskane frå? Vil ho rekka å utføra det vanskelege og farefulle oppdraget som ho etter kvart vert sendt ut på?
Hildegunn Bjelland har sidan 2017 vore medforfattar i fleire antologiar.
Dette er hennar debut med eiga bok.
Boka er skreven av Hildegunn Bjelland.
Boka er illustrert av Heidi Kahrs Damm.
Utgitt 30 mars 2019 - Innbunden utgåve
2. opplag 15 juli 2019
10% av royalty gis til 4ocean som jobber for et plastfritt hav.
5% av overskuddet gis til JOY.
Boka utgis og på bokmål i paperback