Hjarteord - Innbunden (UTSOLGT)

Hjarteord - Innbunden (UTSOLGT)

Ordinær pris 249,00 kr SALG

Hjarteord er ei samling med utvalde dikt av Ane Soldal Hagebø.

Boken er utsolgt.

Denne diktsamlinga er ei skildring av alle desse overveldande kjenslene og kontrastane som så langt har møtt meg frå det augeblikket eg kunne kalla meg mamma. Det å få born er ei kjenslemessig berg– og dalbane. Fortryllande magisk, men krevjande og altoppslukande.

Orda har blitt til i rosemalte, hjartesprengande minuttar og djupgråe, håplause netter, og alt midt i mellom. Dikt som eg skreiv medan hjarta sto ope og nakent, skremmande stunder der eg tenkjer på framtida og alt eg vil førebu dei på , og dagar med emosjonelle veksesmerter fordi alt går så fort vidare.  

Eg håpar du kan kjenna deg att i orda, anten du står midt opp i det no, eller du drøymer deg tilbake eller fram i den tida der kjærleik når nye dimensjonar.

Ane Soldal Hagebø debuterte med diktsamlinga «Hjarteord». Sumaren 2019 kom hennar andre utgivelse. “Under grøne venger”, ei diktsamling om nærleik til naturen.

ISBN 9788283910209
100 sider

Utgjeven november 2018. UTSOLGT